Voldaskiskyttarane markerte seg nok ei gong i skiskyting i Nordfjord

 

Søndag 15. Januar tok voldaskiskyttarane laust mot Nordfjord for å delta i skiskyttarrenn i Randabygda. Med 9 påmeldte rekrutter, foreldre og søsken som heiagjeng, låg det an til at Volda verkeleg skulle vise att i landskapet på Ålandsleitet. Ole Henry Gjærset leda troppene frå Volda, og ilag med resten av foreldra tok han seg mesterleg av det praktiske for rekruttane våre. Nokre av rekruttane sesongdebuterte, nokon deltok i sitt andre renn, medan andre allereide er godt igong med sesongen.

I nybyrjarklassa for jenter klinka Anna Hjellen Haugland til med to fulle hus på standplass og rakettfart i løypa. Turi Lise Totland fekk 8 treff og då alle var ferdig viste det seg at jentene frå Volda hevda seg godt i klassa si.

Hanna Hoggen Gjærset imponerte med 7 treff i sin sesongdeby i J10. Hanna haldt stor fart i løypa og med sin andreplass vart det beste Voldaplassering denne søndagen.

Emil Kilvik Helset fekk 4 treff i sitt første renn på liten blink i G11. Emil var godt nøgd med første serien sin der han fekk 3 treff.

I klasse G12 glimta Jonas Vatsaas nok ein gong til med 7 treff og ein fjerdeplass. Kristoffer Trandal vart nummer 8 med sine 5 treff og fint driv i løypa. Even Totland fekk ein skeiv første serie, men etter 4 treff på andre skyting, var smilet igjen på plass.

Mariell Hoggen Gjærset sesongdebuterte med nytt gevær og 6 treff i sitt første renn med skyting utan støtte. Etter skade trøbbel i desember var ho nøgd med sin femteplass.

I klassa G14 var det tett og hard konkurranse og Lars Erik Telseth som ser ut til å vera på veg til å finne langrennsformen, vart nummer 4 med 6 treff.

Denne gongen var det gledeleg å sjå at dei fleste foreldra tok turen ilag med sine unge håpefulle for å heie dei fram og hjelpe til med gjennomføringa!

 

 

Sponsorar

Hovudsponsor:

Andre sponsorar

 

 

 

Neste hendingar