Volda Skiskyting til Holmenkollen med seks rekrutter

 

Helga 6-8 januar reiste eintropp på 12 skiskyttarentusiastar frå Volda til Holmenkollen for å delta i Kvalfoss sprinten i skiskyting. Seks foreldre og trenarar i lag med seks rekruttar . Kvalfoss sprinten er ein konkurranse som samlar rekruttar i alderen 13-16 år, frå heile landet, og i år var der nærare 700 deltakarar. Konkurransane vert gjennomført like presist og profesjonelt som worldcup og VM arrangement i Holmenkollen. Skiskyttarane frå Volda hadde aldri deltatt i renn andre stader enn i Nordfjord, og gledde seg stort ilag med dei vaksne til deltaking i vårt nasjonalanlegg, Holmenkollen. Det var noko spesielt med stemning og atmosfæren på denne arenaen, og vi var spente på korleis våre uerfarne rekruttar ville takle deltaking i eit så stort arrangement. Her var mykje nytt å forhalde seg til også for lagleiinga. Rekruttane fekk beskjed om å ha det kjekt og nyte opplevinga, så får det gå som det går, og at det å gjera sitt beste, alltid er godt nok.

 

Laurdag var det sprint, der eit bomskot resulterte i ein strafferunde. Fyrst ut av våre denne dagen var Klasse g14, og Lars Erik Telseth, han la lista med tre treff på kvar skyting. Ein småsjuk Lars Erik haldt brukbar fart i sporet og vart til slutt nummer 61 på lista. Det var nok inspirerande at tre løparar som han gjekk jamt med på sitt beste i fjorårssesongen kom blant dei 10 beste. Lars kippersund kunne ikkje vera noko dårlegare, og klinka til med 7 treff. Dette vart stor stas for tilreisande slektningar frå austlandet, på tribunen. I klasse J13 sesongdebuterte Jenny Karin Mikalsen med 5 treff. Det var tydeleg at Jenny Karin hadde forbetra seg kraftig i løypa, sidan i fjor, og ho vart til slutt nummer 51.

Klassene 15 og 16 år starta litt seinare på dagen, og våre tre deltakare i desse klassene hadde god tid til å verte nervøse. Jonas Drive klepp opna showet for dei eldste i 16 års klassa med 8 treff og ein imponerande 25 plass. I denne tøffe klassa er det svært imponerande for ein kar som berre har vore med på skiskyting i 2 år. I same klassa var Sondre Egge litt uheldig på skytinga, men hadde god fart i løypa, til tross for mange strafferundar. I 15 årsklassa representerte Torgeir Hauso Volda med 5 treff og stor fart, og hamna på 56 plass.

Med fyrste rennet unnagjort i snøvêr og tungt føre, hadde alle hatt det kjekt. Nokon ville gjere like god figur på normalprogrammet søndag, og nokon hadde litt å revansjere. I vissheit om at vi alle hadde gjort ein god figur og fulle av nye opplevingar spaserte vi gjennom holmenkollanlegget til Holmenkollen Park hotell for å førebu oss til neste konkurranse.

Søndag måtte vi tidleg opp for å rekke innskyting og utsjekking frå hotellet. Då vi kom ut vart vi møtt av eit Holmenkollanlegg i all si prakt og fint kaldt vintervêr, og då det lysna låg snart heile arenaen bada i solskin.

På Normalprogram får utøvarane 30 sekund i tillegg per bom, og slepp då å gå strafferundar, men til gjengjeld er løypene litt lengre. Dei eldste skulle gå fyrst denne dagen, og Jonas Driveklepp måtte fyrst ut av våre. Han klinka igjen til med 8 treff, men med eit tungt løp i beina frå laurdag, vart det til slutt ein 32 plass på Jonas. Sondre Egge fekk sin revansje og vart nummer 77 med 6 treff. Då Torgeir Hauso skulle ut på sitt løp, var det kraftig sollys på blinkane, og det vart då litt bomming etter innskyting i flomlys, tidleg på morgonen. Ein 76 plass vart resultatet for Torgeir på Normalprogrammet.

Dei yngste klassane gjekk på med friskt mot etter lunsj og Lars Kippersund kom først ut av våre i 14 års klassa. Igjen hadde slektningar tatt turen til Holmenkollen for å sjå på Lars, men guten fekk ikkje nervar av den grunn, og slo til med 7 treff også søndag. Lars Erik Telseth skaut 6 treff akkurat som laurdag, men litt større fart i løypa sikra ein 58 plass på Lars Erik. Jenter 13 år starta heilt til slutt søndag, og Jenny Karin avrunda ein minnerik helg med 5 treff, stort smil og ein 55 plass.

I kafeen gjekk vi oss på ein tidlegare olympisk og verdsmeister i skiskyting, Eirik Kvalfoss, og spurde om han ville bli med på nokre bildar med oss. Han sette seg ned ilag med oss og kom med gode tips til oss ferskingane frå Volda ei heil stund. Dette var nok mest stas for dei vaksne, då rekruttane vårt til slutt måtte innrømme at dei ikkje visste kven han var.

Oppsumert så sto nok Jonas Driveklepp for dei største prestasjonane. Gutar 16 år er ein knallhard klasse og det å verte nummer 25 og 32 i sine første nasjonale renn, med 8 treff begge dagar, etter berre 2 år som aktiv skiskyttar, er imponerande. Likevel trur eg nok det var Lars kippersund som var mest nøgd med sine prestasjonar denne helga, der han fekk underhalde slekta 

si med kjempegod skyting, og faktisk så gjorde han sine to beste løp nokon gong i sin sesongdeby. Alle fekk ein oppleving for livet på den arenaen vi normalt berre får sjå på TV.

Helga i Holmenkollen vart ein suksess på alle punkt det var kjekt for store og små å få vera ein del av den stornorske skiskytterfamilien for fyrste gong. På veg heim vart vi einige om å delta i Holmenkollen også neste år, og kanskje då vi vert endå fleire som vert med frå Volda.

Sponsorar

Hovudsponsor:

Andre sponsorar

 

 

 

Neste hendingar