VTI Skiskyting på Pallen i 4 klasser på sprinten i Sunnylven

Etter ei månad utan skiskyttar renn med deltakarar frå Volda, markerte igjen dei ferske skiskyttarane seg på eit krinsrenn i sprint på Sunnylven. Under svært vanskelege skyteforhold med varierande vind, sol og snøvær vart det ein del strafferunder på dei aller fleste under sprinten laurdag.

Lars Erik Telseth har etablert seg i toppen i g13 denne sesongen og kapra laurdag andreplassen med 5 strafferunder. Torgeir Hauso slo til med beste langrennstid i g14 og vart nummer tre etter 6 strafferunder. Jonas Driveklepp trefte heile 7 gonger i vinden, og vart nummer trei i g15. Sondre Egge leverte sesongbeste i løypa og vart nummer 8 i g15.

Det breidaste smilet vart levert av Kristoffer Trandal, som debuterte med 10 av 10 treff i nybyrjar klassa. Emil Kilvik Helset  og Hanna Gjærset Hoggen trefte 9 av 10 i same klasse. Dette var tangering av personleg rekord for dei begge.

Pernille Ingebrigtsen og Mariell Hoggen Gjærset var ikkje nøgd med skytinga, men kapra likevel 6 og 8 plass i j12. Jonas Vatsås imponerte med ei sterk 4 plass i g11 i sitt første renn i aktiv klasse. Even Totland vart nummer 8 i denne klassa, etter mykje vind på skytinga si.

No har leiarteamet i VTI Skiskyting vorte så drilla at til og med trenar, Rune Totland, fekk delta i veteran klassa. Det er kjekt å sjå at alle foreldra engasjerer seg og hjelper til der dei kan. Standplassgjengen med Leif Tore Telset, Ole Henry Gjærset og Joakim Pettersen i spissen har no full kontroll på både innskyting og gjennomføring av renna.

Søndag var det igjen sprint for klassane 12 år og yngre, medan 13 år og eldre skulle gå KM stafett.

Kristoffer Trandal imponerte igjen i nybegynnarklassa med to fulle hus, og denne dagen både gjekk og skaut han svært raskt og holdt godt følge med dei beste i denne klassa. Hanna Hoggen Gjærset trefte igjen

 9 av 10 og var igjen svært nøgd med eigen innsats.

I klasse gutar 11 år knivar søskenborna Kristian og Jonas Vatsås med dei beste, og vart søndag nummer 3 og 5 i denne klassa. Kristian med 5 treff og Jonas med 6 treff.

Stafetten vart gjennomført med litt nerver hos alle frå Volda. Det er noko anna med stafett enn individuelle renn. Det er litt vanskelegare å roe ned til skyting med dei andre laga rundt deg på alle kantar. Dette viste på skytinga til alle laga, både dei som vann og dei som kom lengre ned på lista. VTI Skiskyting kom på 7 plass av 11 lag, og det var omtrent som forventa, då total alderen på laget vårt var 42 år mot 45 år som maks. Alle våre løparar gjorde sitt beste, men bomma litt meir enn dei hadde tenkt sjølv. Berre Lars Erik Telseth kom gjennom etappa si utan strafferundar. Torgeir Hauso var nok mest misfornøgd med si skyting, med tok det igjen med god fart i sporet. Jonas Driveklepp gjekk ein sisteetappe som det lukta svidd av og med berre ein strafferunde så var etappetida hans på høgde med dei beste. Alle laga som slo VTI Skiskyting hadde total alder på 45 år (3 stk 15 åringar).

Sponsorar

Hovudsponsor:

Andre sponsorar

 

 

 

Neste hendingar