
Søndag 03 April gjekk tidenes andre klubbesterskap for VTI Skiskyting av stabelen. Markane Idrettslag var grei og lot oss få leige deira anlegg på
Ulsheim.Neste sesong håpar vi å kunne arrangere Voldameisterskap på ny skiskyttarbane på Reset.
Vår søknad om finevær vart innvilga, men berre akkurat den tida det tok å lage ei kjekke familie - skiskyttardag denne søndagen. Det har striregna i fleire dagar på førehand, og regnet kom attende då vi var halvegs i premieutdelinga, elles var det sol, varmt og fint.
Det var svært tydeleg at VTI Skiskyting har hatt ei formidabel utvikling sidan i fjor. Anntall aktive deltakarar er firedobla, og ikkje minst det sportslege nivået var mykje høgare i år. Vi har også lært nokon triks om å arrangere renn, så med flott innsats frå samtlege foreldre og rekruttar vart det eit vellukka punktum for sesongen.
Fokus var eigentleg meir på kos og fellesskap enn på konkurranse. 19 aktive, 3 søsken, 18 foreldre og ein bestefar, deltok, og ingen fekk reise heim utan gullmedalje! Det viktigaste var eigentleg å halde god fyr i grillen og la alle få prøve skyting og korleis det er å skyte med puls etter skigåing. Deltakarane var i år frå 6 til over 60 år (trur eg).
Nytt av året var nybyrjarklasse for vaksne, dei gjekk same løype som nybyrjar klassa for born, og dei fekk skyte på stor blink med støtte. Medan fedre og bestefar gledde seg, var mødrene litt meir skeptiske. Det viste seg likevel at rekruttane nok har arva ein del konkurranseinstinkt frå sine mødre. Dei fekk nemleg alle svært travelt både i løypa og på standplass, sjølv om dei lest som om dei hadde tenk å ta det med ro på førehand. Rekruttane mora seg storligen med å sjå sine foreldre ta laust både i løypa og på skytebana. Dei fotograferte, heia ivrig og kom med gode råd undervegs.
Sju av rekruttane kan trygt kallast debutantar, men dei kjem nok til å stille på treningane i sommar og haust, og verte med for fullt neste sesong. Det vart endåtil ymta frampå om vi ikkje kunne starte opp med ein fast treningsdag for dei vaksne.
Det var gode skyteforhold og mange imponerte med mange treff! I nybyrjarklassa debuterte Ingrid Vatsaas, Johanne hoggen Totland, Anna Haugland, Yngve Ingebrigtsen, Magnus Mikalsen og Johannes Bischoff. Det var tydeleg at dei har gått mykje på ski i vinter, for det gneistra av dei i løypa og Johannes Bischoff imponerte med 9 treff i sitt første renn. Dei meir erfarne nybyrjarane imponerte som vanleg med god skyting, og Marte Rørstad skaut igjen to fulle hus, og Turi Lise Totland klinka også til med to fulle hus for første gong. Emil Kilvik Helset og Hanna Hoggen Gjærset skaut solide 9 treff.
I G11 hadde dei det så travelt på standplass og i løypa at det vart litt lengre mellom treffa, men Kristoffer Trandal var nok nøgd med sine 5 treff i sitt første renn på liten blink, og med det kom han i mål tett bak Jonas Vatsaas. Dei tre gutane i G11 har det eigentleg mest travelt med leik og moro når dei er på renn, så Even Totland rakk så vidt start etter ei leike og grill økt. I J12 var det som vanleg hard konkurranse, og Mariell vart nok ein gong den klart kvassaste med 8 treff, same resultat hadde også Jenny Karin Mikalsen. Pernille Ingebrigtsen og Elin Sylte prøvde ivrig å ta att desse storskyttarane i løypa og det vart ein svært tett kamp om dei neste plassane.
Det var fellesstart for rekruttane i klassane G13-G15, og det vart ein spanande kamp mellom dei 5 deltakarane. Torgeir Hauso (G14) drog lett i hamn sigeren med 7 treff, tett fulgt av Lars Erik Telseth (G13) og Sindre Sylte (G15). Lars Kippersund (G13) og Magnus Bischoff (G13) hadde dei beste løparane i kretsen å bryne seg på, men kom ifrå det med stil. Magnus som debuterte i dette rennet insisterte på å konkurrere på like vilkår som dei andre i G13, og ville ikkje starte i nybyrjarklassa, men Magnus er ein resar på ski og greidde seg godt.
I nybyrjarklassene for vaksne var det særleg Ole Henry Gjærset, Tor Mikalsen og Frank Bischoff som imponerte med 2 fulle hus, tett fulgt av Jeanette Mikalsen, Per Kåre Helset som hadde 9 treff.
Det var 4 mannja som ikkje ville vedkjenne seg noko nybyrjarstempel, og dei gjorde opp med fellesstart, 4 km i løypa og skyting på liten blink. Joakim Pettersen, Robert Vatsaas, og Bent Ingebrigtsen hadde tenkt at skyting var enkelt og stor fart i sporet var nok til å tukte trenar Rune Totland. Slaget enda med at trenaren fekk fornya tillit og med spørsmål om vaksentreningar når skiskyttarstadion vert klart på Reset.
Resultata var underordna den solskinssøndagen på Markane. Nokon resultatlister vart aldri lest opp, og alle fekk gullmedaljar og vart utropt som vinnarar. Det viktigaste var samvær moro og grilling i sport og leik. Per Kåre Helset (Bestefar til Emil Helset) gjekk skiskyting i sin ungdom og var svært nøgd med sin første skiskyttarmedalje på 40 år.
Skiskyttarsesongen er no definitivt slutt for i år. Vi held fram med treningar mot neste sesong kvar onsdag. Fokus framover våren og sommaren er å få på plass skiskyttarbane på Reset. Takk for ein vellukka sesong.
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |