Volda-skiskyttarane klinka til i fyrste renn

I år som i fjor starta Voldaskiskyting sesongen med siger i klassa for gutar 14 år. Denne gongen var det Lars Erik Te1seth som drog sigeren i land for Vo1da Skiskyting: Med 8 treff og god fart i løypa, vann han 14 års klassa med 41 sekunds margin til nummer to, Matias Lote Henden fra Stårheim. Lars Erik var mest nøgd med skytinga, men svært god gli på skia gjorde at farten i løypa vart brukbar, seier han, og gir stolt far, Leif Tore Telseth, litt av æra for dagens resultat.


Lars Erik var langt ifrå einaste lyspunktet fra Volda Skiskyting, denne vinterkvite adventssundagen i Hornindal. I nybyrjarklassa klinka Anna Haugland (9 år) og Turi Lise Totland (8 år) til med høvesvis 10 og 9 treff. Den gode skytinga og store farta i løypa gir Volda Skiskyting mykje a gle seg til i framtida. Skal tru om ikkje dei
snart er klar for a konkurrere i aktiv klasse 9 - 10 år?

 

Emil Kilvik Helset deltok for fyrste gong i aktiv klasse gutar 11 år. Emil opna friskt med to treff på fyrste skyting på liten blink, og vart til slutt nummer 5 i klassa si. I klasse gutar 12 år hadde Volda Skiskyting tre deltakarar på dette rennet. Jonas Vatsaas både gjekk og skaut som ein rakett, og med 8 treff vart han nummer to, berre 33 sekund bak Tore Årskog fra Stårheim. Kristoffer Trandal trefte 7, og vart nummer 7, medan Even Totland vart nummer 9 med 4 treff.


I klassa for gutar 16 år hadde Volda Skiskyting 2 deltakarar som i likskap med det norske landslaget hadde litt startproblem. Jonas Driveklepp vart nummer 7, medan Sindre Sylte persa med 7 treff på skytinga og vart nummer 8. Volda Skiskyting stilte eigentleg berre med halv tropp til dette rennet, då fleire av løparane våre slit
med småskadar og sjukdom, etter ei intens sesongoppkøyring denne hausten. Neste renn er fjerde juledag på Hardbagg i Nordfjord, og då er vonleg aIle løparane våre friske, skadefrie og klare til kappestrid.

 

Sponsorar

Hovudsponsor:

Andre sponsorar

 

 

 

Neste hendingar