I helga gjekk der to terminfesta krinscuprenn av stabelen på Harpefossen. Laurdag var det sprint for alle, og Hanna Hoggen Gjærset tok igjen heim sigeren i klasse jenter 9-10år. Søndag var det fellesstart for klassane 13 år og eldre, medan dei andre gjekk normalprogram, og søndag var det Jonas Vatsaas som tok sin fyrste siger i klasse gutar 12 år. I tillegg vart det fire pallplasseringar til Volda Skiskyting, då Marte Rørstad (j12) og Lars Erik Telseth (g14) vart nummer 2 laurdag, og Pernille Ingebrigtsen kom på tredje også Laurdag. Søndag vart det ein andreplass på Hanna Hoggen Gjærset i jenter 9-10 år. Begge dagar var det vanskelege skyteforhold med vind som veksla frå side til side heile dagen.
Laurdag var det sprint med 14 deltakarar frå Volda. Denne gongen hadde vi med 2 debutantar i nybyrjarklassa for gutar, der Johannes Lien Bishoff(10 år) klinka til med 7 treff i sin deby og Yngve Ingebrigtsen (8 år) trefte 5 i sitt fyrste skiskyttarrenn. Turi Lise Totland (9 år) har vore med på ein del renn allereie og hevda seg i toppen med 8 treff. I klassa for jenter 9-10 år vann som vanleg Hanna Hoggen Gjærset denne gongen med heile 8 treff. Anna Haugland debuterte i aktiv klasse på liten blink med heile 6 treff og fekk med det ein flott fjerdeplass.
I klasse gutar 11 år, forbetrar Emil Kilvik Helset seg stadig og vart laurdag nummer 6 med 4 treff. I klasse jenter 12 år sesongdebuterte Marte Rørstad med imponerande 7 treff i vinden og ein andreplass i klassa si. I klasse gutar 12 år vart Jonas Vatsaas vår bestemann med 8 treff og ein 6. plass, på plassane bak fulgte Kristoffer Trandal og Even Totland.
I klasse Jenter 13 år hadde Volda med 2 jenter laurdag, og Pernille Ingebrigtsen fekk endeleg klaff på skytinga med 7 treff, og med stor fart i løypa sikra ho seg ein flott tredjeplass og sin første pallplassering i skiskyting. Mariell Hoggen Gjærset hevda seg også godt i denne harde klassa og vart til slutt nummer 6 med 5 treff. I klasse gutar 14 år slo Lars Erik Telseth nok ein gong til med ein pallplassering, med 6 treff og eit godt langrenn sikra han seg andreplassen. I klasse gutar 16 vart Jonas Driveklepp vår einaste deltakar, då dei andre måtte trekke seg grunna sjukdom. 6 treff og ein 6. plass vart fangsten hans laurdag.
Søndag stilte igjen 14 rekruttar frå Volda til start, og no var det normalprogram for dei som er 12 år og yngre. Dei andre skulle gå fellesstart. Dette var ein ny oppleving for våre rekruttar i kassene 13år. ”Det var akkurat som vi ser på TV, berre mykje kjekkare å vera med sjølv”, var det vi haurde etter målgong.
Søndag var det Jonas Vatsaas som stal showet, då han med 8 treff vann ein klar siger i klasse gutar 12 år. Kristoffer Trandal var litt uheldig med vinden og fekk berre 3 treff, men greidde likevel ein flott 5 plass med rakettfart i løypa.
I nybyrjarklassa hadde Volda Skiskyting igjen med ein debutant, då Brede Driveklepp(9 år) stilte i sitt fyrste skiskyttar renn. Han skaut like godt 7 treff og fekk ei kjekke oppleving på Harpefossen søndag. Johannes Lien Bishoff trefte 6 og etter 2 renn på ei helg er han godt igong med skiskyttar karriera si. I klasse jenter 9-10 år fekk Hanna Hoggen Gjærset endeleg litt motstand, og vart nummer to med 5 treff. Anna Haugland fekk skytinga si forstyrra av vinden, men eit godt langrenn sikra likevel 5. plassen for Anna. I klasse gutar 11 år trefte Emil Kilvik Helset igjen 4 blinkar, og vart med det nummer 8 i klassa si.
For Jentene våre i klasse 13 år var det søndag fellesstart som sto på programmet, og for fyrste gong denne sesongen var dei fulltalige med alle 4 jentene frå Volda på startstreken. Det var tydeleg at ein legg på litt meir gass i løypa og har litt meir nervar på ein fellestart, for jentene våre bomma ein del meir enn dei pleier, men det var likt for alle. Mariell Hoggen Gjærset vart best av våre og med 2 treff på kvar skyting vart det ein flott 4. plass i denne tøffe klassa.
Pernille Ingebrigtsen fulgte hakk i hel med 3 treff medan Jenny Karin Mikalsen og Elin Sylte lenge hang med nær teten før nokre bomskot sende dei bak Mariell og Pernille , etter siste skyting. Dei vart likevel godt plassert til slutt med 6 plass på Jenny Karin og 9. plass på Elin.
I klasse gutar 14 år var lars Erik Telseth vår einaste deltakar. Han hang med teten inntil siste skyting, då vart nok pulsen for høg, og Lars Erik bomma fire gonger. Likevel kapra han ein flott fjerdeplass etter å ha tapt ein sekundstrid om tredjeplassen.
I klasse gutar 16 år stilt Jonas Driveklepp som vanleg til start, medan Sindre Sylte hadde friskna til sidan laurdag, og stilte også han til start på fellesstarten. Jonas hang med heilt framme i teten etter fullt hus på fyrste skyting, medan Sindre fekk to bom. Kva Jonas tenkte på siste skyting er ikkje godt å vite, men han fekk uvanlege 3 bom på denne serien men kjempa seg likevel inn til ein flott fjerdeplass. Sindre skjerpa seg på siste skyting og med berre eit bomskot klatra han på resultatlista, og kom inn til ein flott 7. plass.
Det var i grunnen vel så spanande å følgje med våre rekruttar ”live” på fellesstart som å å sjå eliten på TV.