Vestlandsmeisterskapet i skiskyting vart i år arrangert i Hålandsdalen i Hordaland. Dette meisterskapet vert arrangert kvart år, og famnar alle skiskyttarar i Hordaland og Sogn og Fjordane.
Det vert delt ut medaljar i alle klassane frå 13 år og eldre, men der konkurrerast også i dei yngre klassane. Lokalt er vi vand med å konkurrere i klasse 9-10 år i tillegg til 11, 12 og nybyrjar klasse. På Veslandsmeisterskapet er der berre nybyrjar, og klassane 11 og 12år. Dei som tilhøyrer 9-10 årsklassa måtte då velje enten å starte i nybyrjarklassa eller i klasse 11 år. Forskjellen på nybyrjar klassa, og dei aldersbestemte klassane er at dei i nybyrjarklassa skyter på stor blink, som er 12,5 cm i diameter, medan dei andre må treffe ein blink som er berre 4,5 cm i diameter.
I Hålandsdalen fekk vi laurdag oppleve ymse vermessige utfordringar med tett snødrev, tåke og ikkje minst glatte vegar. Dette vart fort gløymt då dei søndag varta opp med strålande sol og fint vintervær.
Torgeir Hauso har no funne langrennsforma, og klinka til med to bronsemedaljar i helga. Laurdag vart han litt overraska over plasseringa, då han berre hadde 3 treff. Stor fart i løypa sikra likevel bronsemedalje i ruskeværet på Laurdag. Søndag vert det 5 treff og nok ei bronsemedalje. I konkurranse med alle dei beste 15 åringane på vestlandet, er det ei kjempeprestasjon av Torgeir, som berre har drive med skiskyting i to år.
Hanna Hoggen Gjærset som enno ikkje har fylt 10 år, valte å stille i klasse J11 år. I tett snødrev laurdag trefte ho 6 blinkar, og drog like godt i land sigeren i denne klassa. Søndag vert det 7 treff og ein flott andreplass på Hanna.
I nybyrjarklassa hadde vi med ei deltakar, Turi Lise Totland, ho strålte som ei sol etter 8 treff begge dagar og rakettfart i løypa. Det viktigast vart likevel at besteforeldre hadde funne vegen inn blant publikum, treffe kjendisar som Liv Grethe Pioree og sjå nordlys på vegen heim.
I klassa for gutar 12 år, var Even Totland strålande fornøgd med 7 treff begge dagar. Ekstra kjekt var det at Farmor og Farfar var der laurdag og såg på medan han skaut og gjekk fort på ski.
I klasse jenter 13 år stilte tre kjekke jenter frå Volda til start. Laurdag var det Pernille Ingebrigtsen som fekk det best til med 7 treff og ein åttande plass. Jenny karin Mikalsen trefte 3 og vart nummer 12, medan Mariell Hoggen Gjærset plundra på skytinga og var etterpå mest interessert i søndagens renn. På Sprinten søndag fekk Mariell reist kjerringa, vart best av våre og plasserte seg som nummer 11 på lista med 6 treff. Pernille ingebrigtsen og Jenny Karin Mikalsen fulgte på dei neste plassane på sprinten.
I klasse gutar 14 hadde vi med 2 løparar laurdag. Lars Kippersund vart råka av tett snødrev på fyrste skyting og fekk der berre 1 treff. Det snur for i skiskyting, og etter fullt hus på siste skyting var smilet igjen på plass hos Lars. Lars Erik Telseth sleit også med tett snødrev laurdag og vart nummer 8 med 4 treff. Søndag var han meir skjerpa, og vart til slutt nummer 7 med 6 treff.
Klassa gutar 16 år var den største og hardaste klassa denne helga. Våre løparar Jonas Driveklepp og Sondre Egge vill helst gløyme laurdagens resultat, og kom sterkt tilbake søndag på sprinten. Der klinka Jonas Driveklepp til med 8 treff og ein 6 plass medan Sondre Egge gav alt i løypa og vart nummer 17 med 5 treff.
Stor stas var det då 8 gonger verdsmeister, Liv Grethe Skjelbreid Pioree, delte ut premiar Laurdag og olympisk meister stafett, Egil Gjelland, delte ut premiar søndag. Dei tok seg begge tid til både autografskriving og snakke med voldarekruttane. Kjekt når dei profilerte utøvarane tek seg tid i lokalmiljøet!
Dette året vart det maksimal reiselengngd for skiskyttarane frå Volda, som måtte reise 8 timar kvar veg. Heldigvis fekk vi låne minibussen til Sparebanken Søre Sunnmøre, så då vart det rimelegare og mykje meir sosialt på den lange reisa. Vi leigde oss inn på Hålandsdalen Leirskule ilag med dei andre skiskyttarklubbane i Sogn og Fjordane skiskyttarkrins. Såleis vart heile helga sosial og kjekk for alle dei 11 rekruttane og 7 fedrane som hadde forvilla seg heilt til Hålandsdalen.