I helga gjekk der to terminfesta krinscuprenn av stabelen på Harpefossen. Laurdag var det sprint for alle, og Hanna Hoggen Gjærset tok igjen heim sigeren i klasse jenter 9-10år. Søndag var det fellesstart for klassane 13 år og eldre, medan dei andre gjekk normalprogram, og søndag var det Jonas Vatsaas som tok sin fyrste siger i klasse gutar 12 år. I tillegg vart det fire pallplasseringar til Volda Skiskyting, då Marte Rørstad (j12) og Lars Erik Telseth (g14) vart nummer 2 laurdag, og Pernille Ingebrigtsen kom på tredje også Laurdag. Søndag vart det ein andreplass på Hanna Hoggen Gjærset i jenter 9-10 år. Begge dagar var det vanskelege skyteforhold med vind som veksla frå side til side heile dagen.
Vestlandsmeisterskapet i skiskyting vart i år arrangert i Hålandsdalen i Hordaland. Dette meisterskapet vert arrangert kvart år, og famnar alle skiskyttarar i Hordaland og Sogn og Fjordane.
Det vert delt ut medaljar i alle klassane frå 13 år og eldre, men der konkurrerast også i dei yngre klassane. Lokalt er vi vand med å konkurrere i klasse 9-10 år i tillegg til 11, 12 og nybyrjar klasse. På Veslandsmeisterskapet er der berre nybyrjar, og klassane 11 og 12år. Dei som tilhøyrer 9-10 årsklassa måtte då velje enten å starte i nybyrjarklassa eller i klasse 11 år. Forskjellen på nybyrjar klassa, og dei aldersbestemte klassane er at dei i nybyrjarklassa skyter på stor blink, som er 12,5 cm i diameter, medan dei andre må treffe ein blink som er berre 4,5 cm i diameter.
Søndag 15. Januar tok voldaskiskyttarane laust mot Nordfjord for å delta i skiskyttarrenn i Randabygda. Med 9 påmeldte rekrutter, foreldre og søsken som heiagjeng, låg det an til at Volda verkeleg skulle vise att i landskapet på Ålandsleitet. Ole Henry Gjærset leda troppene frå Volda, og ilag med resten av foreldra tok han seg mesterleg av det praktiske for rekruttane våre. Nokre av rekruttane sesongdebuterte, nokon deltok i sitt andre renn, medan andre allereide er godt igong med sesongen.
I nybyrjarklassa for jenter klinka Anna Hjellen Haugland til med to fulle hus på standplass og rakettfart i løypa. Turi Lise Totland fekk 8 treff og då alle var ferdig viste det seg at jentene frå Volda hevda seg godt i klassa si.
Helga 6-8 januar reiste eintropp på 12 skiskyttarentusiastar frå Volda til Holmenkollen for å delta i Kvalfoss sprinten i skiskyting. Seks foreldre og trenarar i lag med seks rekruttar . Kvalfoss sprinten er ein konkurranse som samlar rekruttar i alderen 13-16 år, frå heile landet, og i år var der nærare 700 deltakarar. Konkurransane vert gjennomført like presist og profesjonelt som worldcup og VM arrangement i Holmenkollen. Skiskyttarane frå Volda hadde aldri deltatt i renn andre stader enn i Nordfjord, og gledde seg stort ilag med dei vaksne til deltaking i vårt nasjonalanlegg, Holmenkollen. Det var noko spesielt med stemning og atmosfæren på denne arenaen, og vi var spente på korleis våre uerfarne rekruttar ville takle deltaking i eit så stort arrangement. Her var mykje nytt å forhalde seg til også for lagleiinga. Rekruttane fekk beskjed om å ha det kjekt og nyte opplevinga, så får det gå som det går, og at det å gjera sitt beste, alltid er godt nok.
I år som i fjor starta Voldaskiskyting sesongen med siger i klassa for gutar 14 år. Denne gongen var det Lars Erik Te1seth som drog sigeren i land for Vo1da Skiskyting: Med 8 treff og god fart i løypa, vann han 14 års klassa med 41 sekunds margin til nummer to, Matias Lote Henden fra Stårheim. Lars Erik var mest nøgd med skytinga, men svært god gli på skia gjorde at farten i løypa vart brukbar, seier han, og gir stolt far, Leif Tore Telseth, litt av æra for dagens resultat.
Lars Erik var langt ifrå einaste lyspunktet fra Volda Skiskyting, denne vinterkvite adventssundagen i Hornindal. I nybyrjarklassa klinka Anna Haugland (9 år) og Turi Lise Totland (8 år) til med høvesvis 10 og 9 treff. Den gode skytinga og store farta i løypa gir Volda Skiskyting mykje a gle seg til i framtida. Skal tru om ikkje dei
snart er klar for a konkurrere i aktiv klasse 9 - 10 år?

Søndag 03 April gjekk tidenes andre klubbesterskap for VTI Skiskyting av stabelen. Markane Idrettslag var grei og lot oss få leige deira anlegg på
Ulsheim.Neste sesong håpar vi å kunne arrangere Voldameisterskap på ny skiskyttarbane på Reset.
Vår søknad om finevær vart innvilga, men berre akkurat den tida det tok å lage ei kjekke familie - skiskyttardag denne søndagen. Det har striregna i fleire dagar på førehand, og regnet kom attende då vi var halvegs i premieutdelinga, elles var det sol, varmt og fint.
Det var svært tydeleg at VTI Skiskyting har hatt ei formidabel utvikling sidan i fjor. Anntall aktive deltakarar er firedobla, og ikkje minst det sportslege nivået var mykje høgare i år. Vi har også lært nokon triks om å arrangere renn, så med flott innsats frå samtlege foreldre og rekruttar vart det eit vellukka punktum for sesongen.
Fokus var eigentleg meir på kos og fellesskap enn på konkurranse. 19 aktive, 3 søsken, 18 foreldre og ein bestefar, deltok, og ingen fekk reise heim utan gullmedalje! Det viktigaste var eigentleg å halde god fyr i grillen og la alle få prøve skyting og korleis det er å skyte med puls etter skigåing. Deltakarane var i år frå 6 til over 60 år (trur eg).
Etter ei månad utan skiskyttar renn med deltakarar frå Volda, markerte igjen dei ferske skiskyttarane seg på eit krinsrenn i sprint på Sunnylven. Under svært vanskelege skyteforhold med varierande vind, sol og snøvær vart det ein del strafferunder på dei aller fleste under sprinten laurdag.
Lars Erik Telseth har etablert seg i toppen i g13 denne sesongen og kapra laurdag andreplassen med 5 strafferunder. Torgeir Hauso slo til med beste langrennstid i g14 og vart nummer tre etter 6 strafferunder. Jonas Driveklepp trefte heile 7 gonger i vinden, og vart nummer trei i g15. Sondre Egge leverte sesongbeste i løypa og vart nummer 8 i g15.
Det breidaste smilet vart levert av Kristoffer Trandal, som debuterte med 10 av 10 treff i nybyrjar klassa. Emil Kilvik Helset og Hanna Gjærset Hoggen trefte 9 av 10 i same klasse. Dette var tangering av personleg rekord for dei begge.
Pernille Ingebrigtsen og Mariell Hoggen Gjærset var ikkje nøgd med skytinga, men kapra likevel 6 og 8 plass i j12. Jonas Vatsås imponerte med ei sterk 4 plass i g11 i sitt første renn i aktiv klasse. Even Totland vart nummer 8 i denne klassa, etter mykje vind på skytinga si.
No har leiarteamet i VTI Skiskyting vorte så drilla at til og med trenar, Rune Totland, fekk delta i veteran klassa. Det er kjekt å sjå at alle foreldra engasjerer seg og hjelper til der dei kan. Standplassgjengen med Leif Tore Telset, Ole Henry Gjærset og Joakim Pettersen i spissen har no full kontroll på både innskyting og gjennomføring av renna.